© 2019 bratt og blått

Hovedsponsor:

SBM ny.jpg
  • w-facebook

historia

Første spiren til det som i dag er Trandalblues starta i samband med åpninga av Trandal Kraftverk hausten 2007.

Dette måtte markerast med blå tonar og vi drog i gang det vi då kalla Trandal Blues Experience.
Frank Storeide på Christian Gaard meinte dette var so svært at han utfordra oss til å gjere dette til ein årleg bluesfestival. Tenk om vi ein dag kan få både norske og internasjonale storheiter til Trandal !
Ja, tenk om vi kanskje til og med ein dag kan presentere ein ekte amerikansk bluesartist frå bluesens heimland USA..?
Vel vel tenkte vi, det er greit med store planar men det får no vere måte på til uoppnåelege mål.  Resten er historie.....

Trandalblues 2018:

Etter at 10-års jubelbrusen hadde lagt seg i 2017 trudde vi rett og slett  at det ville bli umulig å få på plass eit program som kunne måle seg med det. Men der tok vi feil, for når vi oppsummerte Trandalblues 2018 kunne vi konstatere at det vart ein av dei best besøkte festivalane nokon gong, og for eit program vi fekk sett sammen:

Vinnarane av Union Bluescup 2017 - SILO - åpna fredag med un gdommeleg pågangsmot og speleglede av høg kvalitet. Dei hadde i tillegg ansvaret for musikken i Løda heile helga og gjorde stor suksess med sin energiske stil.  

Amund Maarud var her i 2013 og kom endeleg tilbake, denne gongen med sitt nye power trio konsept. At Amund er ein av landets absolutt mest interessante  og allsidige bluesgitaristar visste vi frå før, og i dette konseptet fekk han også vist seg fram som ein stor bluesvokalist.

Ein annan stor bluesartist som har "tatt Norge med storm" er vår eigen Adam Douglas.

At han gjekk av med seieren i Stjernekamp 2017 var inga overrasking då han er ein vokalist og gitarist i verdsklasse. Adam var med på den første spiren til Trandalblues i 2007 då han budde i Ørsta, og har vore her fleire gongar etter det. Han kom med bluesbandet sitt High Red og tok publikum med storm.  Beste konserten i 2018 sa Adam etter han gjekk av scena. 

Stacie Collins Band avslutta fredagen, og her snakkar vi band og frontfigur med sjarm.

Dei leverte eit forrykande show av "Harp Howlin' Twang Bangin' Roots Rock, Country and Blues! " som dei hevdar sjølv. Vi som opplevde dette var heilt enig i det !

Laurdag åpna det lokale bandet Red Roosters Blues Band og presenterte kvalitetsmusikk ispedd solide doser humor til publikums store begeistring.

Mike Andersen er blant dei mest aktive bluesartistane frå Danmark. Han var her også i 2014 og har lengta tilbake til fjell og fjord som er mangelvare i Danmark.

Med eit vanvittig bra band og ein karismatisk frontfigur Mike i kjempeform vart dette nok ein kanonbra konsert på Trandal.

The Welch Ledbetter Connection var nok det aller største "scoopet" på Trandalblues 2018. Ikkje for å snakke ned dei andre artistane som alle leverte så det lukta svidd, men WLC  var  det mest meriterte bandet og har vunne ei rekke prisar for både album, instrumentalistar og band.  Dei presenterte eit forrykande show med dei to frontfigurane gitarist Mike Welch og vokalist Mike Ledbetter. Vi fekk ein leksjon i ekte Chicagoblues som vi seint vil gløyme.

Peer Gynt Band fekk æren av å avslutte Trandalblues 2018 og nok ein gong fekk bandet rocka opp stemninga til uante høgder. Med sitt virituose bluesrock gitarspell i kombinasjon med stor porsjon galskap tok det bokstaveleg talt fyr i både gitaren og publikum den  laurdagsnatta på Trandal.  

Trandalblues 2017:

10-års jubileumsfestivalen vart ein 3-dagars bluesfest for historiebøkene !

Aldri før har der vore så mykje publikum, så bra stemning, så mykje overbegeistra artistar og arrangørar. Dette vart heilt sjukt rett og slett. Vi gjekk hardt ut og utvida festivalen med ein ekstra dag, og for ein dag det vart. Torsdag den 6. juli 2017 skjedde det som ingen kunne tru kunne skje: The Original Blues Brothers Band stod på scena på Christian Gaard ! Vi snakkar altså om sjølvaste Blues Brothers med m.a. Steve Cropper himself - rett og slett heilt utrulig. Og for ein konsert det vart. I strålande solskin og med heilt ny fullstappa tribune på plass gjekk først partybandet Pineapple Express på scena og varma opp publikum med ein kjempebra konsert. Etter jubelen hadde lagt seg var publikum skikkelig oppvarma og nærast i ekstase allereie då dei første tonane frå Blues Brothers strøymde ut frå scena i Hjørundfjorden. Jubileumsfestivalen fekk med andre ord ei kanonåpning, og noko som vi aldri hadde trudd var mulig når vi starta dette for 10 år sidan. 

Dermed var vi godt i gang med jubileumsfestivalen og fredag åpna med eit funky show med det lokale bandet Faculty of Funk. Artig konsept med glimrande vokalistar og blåserekke sette standarden. Etter FoF var det klart for gjensyn med eit av Europas mest hardslåande blues band: Latvian Blues Band. Dei vitja oss i sist 2015 og vi var aldri i tvil om at dei måtte tilbake i jubileumsåret. Rett og slett eit suverent band.

Kveldens høgdepunkt vart likevel den magiske Knut Reiersrud med sitt eminente band. Jaudå, vi har høyrt han før mange gongar og han har hatt magiske konsertar p Trandalblues tidlegare, men jaggu toppa han det nok ein gong. Her må vi berre bøye oss i hatten og gratulere - ingen over - ingen ved siden !

Laurdag drog Tony Dowler's Hellhounds i gang frå hovedscena. I tillegg var dei årets band i Løda. Fantastisk tøff blues-rock powertrio som vi måtte få tilbake til jubileet.

Bokkereidars BluesBand med Side Brok var eit prøveprosjekt på Trandablues 2014 og det var så tøft at vi inviterte deit tilbake i år. Og for en konsert - rett og slett 10-0 !

Vidar Busk har også fortjent å vere på Trandalblues tidlegare og presenterte sitt nye konsept i år. Som vanlig kom Vidar med både overraskingar og gamle gode triks. Ein mann som lever og ånder for bluesen, det er i alle fall heilt steikje sikkert.

Kvelden vart avslutta med det nye "fyrverkeriet" av ei dame Marie Kristin Dale med bandet sitt MK's Marvellous Medicine. Ho vart i tillegg tildelt årets Bratt og Blått pris for sin glimrande innsats og gode prestasjonar som ein super representant for ein ny generasjon unge bluesmusikarar. 

Jubileumsfestivalen vart avslutta med Tony Dowlers i Løda til lyset gjekk....

Tusen takk - alle sammen !

Trandalblues 2016:

For første gong i historia bestemte nemnda seg, allereie før årets festival var over,  at det blir ny Trandalblues i 2017. Då skal 10-års jubileet feirast med stil.

Årets festival var altså den niande i rekkja av fantastiske bluesopplevingar mellom fjord og fjell på Trandal. Nok ein gong hadde vi ein perfekt miks av lokale, nasjonale og internasjonale artistar i toppklasse og i toppform.

Sykkylven Storband starta showet fredag kveld og framførte ei rekkje slægers.

Dei hadde i tillegg hyra inn sjølvaste Adam Douglas som gjestevokalist, og han sørga for å ta storbandet til nye musikalske høgder.

Christina Schølberg måtte dessverre avlyse pga sjukdom, men heldigvis hadde vi hyra inn Spoonful of Blues i Løda fredag og dei ville gjerne ta ei ykt på hovedscana i tillegg. Vi er svært takknemlige for at dei steppa inn på kort varsel og gjorde ein kanonbra konsert. Første utanlandske band var Thorbjørn Risager som er Danmarks store blueskomet. Thorbjørn Risager & the Black Tornado har vunne fleire anerkjende prisar og leverte eit fyrverkeri av eit show. Siste bandet fredag var "gamlestøytane"  Tony Dowler's Hellhounds frå UK. Ekte bluesrock i beste Rory Gallagher stil gjorde sitt til at det tok av på Trandal den kvelden. I løda debuterte det nye lokale bluesbandet TightRope med Knut Eilefsen i front. Bandet er sett saman av røynde lokale musikarar og dei serverte ein god miks av gammal og moderne blues til godkjent karakter.

TightRope fekk også æra av å åpne frå hovedscana laurdag og viste at dei fiksa også det formatet på ein utmerka måte.  Adam Douglas var deretter på scena igjen, no med sitt eige band. Dei presenterte ein flott musikalsk miks av Adam sitt soloreportoire blanda med klassiske covers - rett og slett kjempebra !

Chris Thomas King var den artisten det var stilt størst spenning og forventningar til.

Han er verdskjend for både sin musikalitet og som skodespelar. Til Trandal kom han med lokalt komp og leverte ein solid konsert. MK Marvellous Medicine avslutta årets Trandalblues og må vel seiast å vere årets største positive overraskelse. Vi var sjølvsagt forberedt på at dette  vart bra, men Marie & co tok fullstendig av og imponerte stort. Dette bandet får vi heilt sikkert høyre mykje meir av framover.

Trandalblues 2015:

Den 8. bluesfestivalen på Trandal er historie. Etter kvar festival stiller vi oss same spørsmålet: Skal vi gå for ein ny festival neste år? Korleis skal vi i tilfelle makte å toppe programmet etter forrige års knallprogram. Slik vart det også etter årets festival der vi nok ein gong sørga for å fylle Christian Gaard med fantastiske artistar og eit entusiastisk publikum. Elg med sitt ElgBand opna showet fredag. Med si karakteristiske stemme og framifrå låtar leverte Elg varene (som vanleg).

Kveldens første store overraskelse var Latvian Blues Band. Dette er det mest populære bluesbandet i Latvia og dei har turnert over heile verda siste åra, noko vi definitivt kan forstå etter eit fyrverkeri av ein konsert på Trandal.

Kveldens andre overraskelse for mange var det norske bluesbandet Pristine med vokalist Heidi Solheim i spissen. Eit liveband som virkelig tok av og avslutta kvelden på hovedscena. I Løda var det sjølvaste Bryggerigangen Bluesband som regjerte. Dei serverte ein elegant miks av blues på norsk og  artige historier frå virkeligheita og sørga for stor stemning i løda heile helga.

Ståle Dimmen & Blaa Mixture var årets lokale bluesband og bør absolutt vere godt fornøgde med innsatsen og responsen frå publikum. Bandet presenterte fleire låtar frå sin nye CD med blues på Sunnmørsk og laga stor stemning på danseplatten.

Sveriges største bluesstjerne Sven Zetterberg tok deretter over og dei røynde musikarane kunne leksa si og leverte varene.

Største overraskinga i år var likevel amerikanske Lucky Peterson. Dette er ein av dei mest internasjonale artistane som nokon gong har vore på Trandal. Han har t.d. spelt saman med sjølvaste BB King, og hadde med seg musikarar i absolutt verdsklasse. Med eit repertoire inspirert av alt frå BB King til James Brown fekk vi servert både tradisjonell blues og funky grooves med ein Lucky P. i toppform. Ein viritous både bak hammondorgelet og ein rasande god gitarist som entra danseplattingen og laga show i lag med publikum. Fantastisk !

Bandet som avslutta festivalen var ingen ringare enn Dr. Feelgood. Dei engelske blues-punkrockarane med historie heilt tilbake til tidlig 70-talet leverte eit sett som ga gjenklang i fjella rundt Hjørundfjorden. "Dei gamle e fortsatt eldst og best" vart det sagt i det siste ekstranummeret var over.

Trandalblues 2014:

Trandalblues 2014 starta like godt med ny publikumsrekord på fredagen !

Bob Barker Blues Band med special guest Lazy Lester drog det heile i gang.  81-åringen Lester hadde eit sterkt ønske om å kome tilbake til Trandalblues etter den magiske opplevinga i fjor. Magisk både for han og for publikum. Etter Bob B. og Lazy kom sjølvaste "dronninga" av soul Hanne Boel på scena. Aldri før har det vore så tettpakka med glade blues- og soul venner på Christian Gaard. Hanne og bandet stortrivdes og gjorde ein framifrå konsert. Kvelden vart avslutta av amerikanske Dave Fields power trio som sørga for å halde stemninga på topp til siste tone.

I løda sørga The Juke Joints frå Nederland for at publikum fekk både bakoversveis og hakeslepp. Slik musikalitet og speleglede er sjeldan kost.

Laurdagen åpna Bargoo med sjølvaste Kjell "Ruphus" Larsen og Sveinung Hovensjø i spissen. Dei fekk også utfalde seg i Lødå seinare på kvelden.

Bob Barker Bluesband drog nokre bluesklassikarar før dei inviterte Lazy Lester på scena. Lite viste han då at det var ein ekstra god grunn til invitasjonen: Lazy fekk nemleg overrekt  "Bratt og Blåttprisen 2014". Han vart svært stolt og audmjuk og måtte innrømme at dette sette han utruleg stor pris på. Lazy drog eit par eigne låtar i lag med Bob B. før neste band entra scena.

Bokkereidars Bluesband var invitert for å gjere ei eksperimentell greie i lag med Side Brok. Her vart det med andre ord full pakke med driftig blues, blåserekke og moderne hip-hop rytmer i ein meget vellykka musikalsk miks.

Mike Andersen representerte Danmark på laurdag og presenterte eit strålande show med ein god miks av eigne låtar og klassikarar frå både blues- og poparkivet. Rett og slett ein kjernekar og eit supert band.

The Juke Joints avslutta kvelden på hovedscena med nok eit heseblesande sett. Dette er ein gjeng erfarne bluesmusikarar som veit kva publikum vil ha, og dermed vart avslutninga av Trandalblues 2014 akkurat slik vi hadde håpa på.

Trandalblues 2013:

Fredagen sto i den Norske bluesens teikn. Toini and the Tomcats opna showet som kuliminerte med ein formidabel opptreden av Amund Maarud med band! Ikkje det beste veiret denne dagen, likevel ca 500 betalande som fekk dele ein musikalsk festkveld.

Laurdag var veiret ordna, og forventingane til Brazz Brothers med Frode Alnes var store. Dei leverte god jazzinspirert blues, humør og ekte speleglede til stor jubel frå eit feststemt publikum på eit fullstappa festivalområde.

Den amerikanske artisten Lloyd Jones overbeviste med kompetent framføring og autoritet. Med seg hadde han bandet Shaky Ground og sammen leverte dei sugande blues og soul til stor jubel.

Peer Gynt vart det næraste vi har vore sjølvaste Jimi Hendrix på Trandal. Han avslutta eit forrykande og rocka blues-sett med å sette fyr på gitaren i Hjørundfjordnatta.

Takk for den, Per !

Five O’clock soul sørga for ekte stemning i løda denne helga. Rosinen i pølsa var likevel blues legenda Lazy Lester. I tillegg til ein overbevisande opptreden på hovudscena laurdag, heldt han ein spontankonsert i løda på laurdags ettermiddagen. Denne opptredenen går det endå gjetord om. Ikkje verst for ein mann som nokre veker før hadde fylt 80 år! Bratt og Blått er stolte av at denne artisten har stått på scena på Trandal.

Laurdag var det fullt hus og godt veir, alle kom seg kjapt over fjorden takka vere stor kapasitet med hjelp frå 62­ Nord sin katamaran som gjekk både til Sæbø og Ålesund.

Trandalblues 2012:

Dette året hadde vi æra av å få besøk av ein av dei mest berømte brødrene i verda, Chris Jagger. Han synte at han sto fjellstøtt på eigne musikalske bein, og gav ei glimrande forestilling på laurdagen saman med bandet sitt.

Festivalen opna fredag med ”Kind of Blues”, lokalt "stjernelag" med to av arrangørane i rekkene. Etterpå inntok Vidar Busk and his True Believers scena med vanleg suveren kvalitet. Bandet var redusert til trio pga vanskar med logistikken, men Busk synte at han til fulle meistra også dette formatet.

Ein av dei store publikumsfavorittane dette året var Dana Fuchs med band. Ho avslutta fredagen med ekte New York blues. Trøkk og tæl som var godt forankra i Janis Joplin sitt musikalske univers, men med ”moderne” apell.

På laurdag kom ein av dei store overraskingane. Øyvind Vassli Hansen sin lettare irritasjon av å bli avbrutt midt i settet med Bolga Bluesband, vart raskt snudd til pur optimisme då han vart tildelt Trandalblues sin eigen pris: Bratt og Blåttprisen! Ein statuett teikna av Knut Brekke og eit reisestipend.

Vidare fekk vi inspirert samspel mellom festivalveteranane Woodleg Odd og ”lødebandet” Pateys Pipe. Patey & Co gjorde stor suksess i løda begge kveldane og med konsert på dagtid, Laurdag.

Jagger tok så Trandal med storm før Frank Bjørdal band avslutta kvelden med svingande kvalitet. Nok ein vellukka festival med mykje blide folk og alt det gode veiret vi er vande til.

Trandalblues 2011:

Ein musikalsk særdeles vellukka festival, og første året med artistar frå England:

Ray Gelato and the Giants kom direkte frå splejobb i London til bakkane i Trandal og gav ei formidabel oppvising i swingande bluesmusikk. Hyggelege karar som forsikra om at dette var ei oppleving for livet. Knut Reiersrud gav ein særs inspirert konsert som det endå går gjetord om, og som av mange vert rekna som eit førebels høgdepunkt i festivalen si historie.

Last Train Home gjorde løda til staden å vere etter midnatt, og på hovedscena fekk vi gode opptredenar frå Remember When og Trond Olsen Band på fredag.

Laurdag kom Mørebenken, Bokkereidars Bluesband og Vidar Busk & Kjetil Grande m/band og gjorde sommaren til ein bluesfest!

Lovande artistar frå BluesCamp 2011 - UngBlues - hadde ei overbevisande opptreden tidlegare på kvelden.

Rekordbesøk med tilsaman nærare 1000 billettar selde både Fredag og Laurdag. Grunna noko dårleg organisering av båtskyssen vart det lange køar for skyss over fjorden etter konsertslutt, noko som var ei kjelde til misnøye blandt mange. Året etter fekk ein orden på dette «problemet» ved hjelp av auka kapasitet og betre planlegging.

Trandalblues 2010:

Nok ein gong full klaff med været og musikken. Publikumsrekord på fredagen og kjempestemning heile helga.

Reidar Larsen, The Crank Bros, Frank Bjørdal Old School Blues Revue, Woodleg Odd, Sunnmøre R&B Express og ikkje minst den store overraskelsen Seatsniffers frå Belgia løfta stemninga heilt til topps. Bolga BLuesband og Isfjorden Bluescompagni sørga for stor stemning i løda langt ut i natta fredag og laurdag.

Trandalblues 2009:

Dette var året då Trandalblues for første gong drog inn nasjonale kjende artistar med Stephen Ackles som "headliner" laurdagen. Han gjorde eit sterkt inntrykk på både publikum og eigaren av Christian Gaard på Trandal.

Frank Storeide vart hylla frå scena av Ackles og bandet i kjempeform. I tillegg kunne festivalen presentere den første internasjonale artisten på Trandal. Bluesbandet Woodleg Odd hadde eit par år tidlegare "kapra" den amerikanske blues/soul vokalisten Adam Douglas under ein USA turne, og no fekk endeleg publikum oppleve "nye" Woodleg på scena.

I tillegg sette Bolga Bluesband og Isfjorden Bluescompani sine bein på Trandal for første gong.

Nok ein vellukka festival i fint ver med artistar i kanonform og publikum i minst like god form.

Trandalblues 2008:

Etter den spede oppstart i 2007 gjekk vi på med krum hals og stor optimisme for å få etablert ein permanent bluesfestival på Trandal.

Vi bestemte oss for å endre navnet til Trandalblues Bratt og Blått og bestemte samtidig at festivalen skal gå av stabelen første helga i juli kvart år.

På Trandalblues 2008 var sterke lokale navn i fokus. Bob Barker Blues Band m/Totto Nilsen, Gas Pilot og Jack of the Trade med på å legge eit solid grunnlag for ein festival som vi var overtydde om var komen for å bli.

Responsen frå publikum og artistar motiverte oss for å gå vidare med planlegging av nye festivalar.