© 2019 bratt og blått

Hovedsponsor:

SBM ny.jpg
  • w-facebook

ADAM DOUGLAS

m/High Red

Adam kjem heim !
Adam Douglas Enevoldsen kjem til Trandalblues fredag 6/7-2018. For Adam har det aldri vore tvil - Trandalblues er heime. Adam har utvikla seg til ein eineståande artist som «alle» vil ha. Men det er til Trandalblues han kjem «heim».
Seks gonger har han delteke på Trandalblues.  Han var med frå byrjinga og med det same han kom til Norge. Frå «År null» i Trandalbluesen si historie i 2007, var Adam ein avgjerande person for at festivalen fekk utvikle seg slik han og har gjort.
Først som frontmann i bluesbandet Woodleg Odd, seinare som soloartist.
I år er vi ekstra kry av å kunne presentere denne formidable artisten. Mykje fordi han i 2018 er ein av dei mest etterspurde artistane i landet, men mest fordi det er ei glede å få ønske Adam velkomen heim «til Trandals bakker der blomster vokser ville». Han har med seg blues/soulbandet sitt High Red som for anledninga er utvida med blåserekke. Dette blir einaste konserten med Adam & High Red i Norge i 2018 så her blir det kamp om tribuneplassane :-). 
Vi veit at han byr på soul og blues på ein måte som ingen andre i landet kan akkurat no.
Det har vi sett på TV, og dette får vi garantert oppleve på Trandalblues 2018.
Velkomen atter hit til våre grender, Adam!
Vi gler oss!
 

Til Trandal i 2018 kjem dei største stjernene på "Blueshimmelen" i 2018.
Dette er ikkje vår påstand, men noko som er stadfest ved omfattande bookingar av bandet i Europa 2018 og eit begeistra publikum. Bandet har også oppnådd ei rekke nominasjonar (7) til USA sin mest prestisjetunge bluespris, Blues Music Award 2018.

2018 BLUES MUSIC AWARD NOMINEE!
• Album of the Year
• Traditional Blues Album
• Band of the Year
• B.B. King Entertainer of the Year (Ledbetter)
• Contemporary Blues Male Artist (Ledbetter)
• Instrumentalist-Guitar (Welch)
• Instrumentalist-Vocals (Ledbetter)

Du veit kanskje ikkje at vi har ein verdssensasjon på Trandal i sommar?
Vi veit det, og no veit du det og!
Monster Mike Welch og Mike Ledbetter har etter utgivinga av låtsamlinga "Right Place, Right Time" hausta glans og ære, frå nær og fjern - og ikkje minst frå dei som kjenner sjangeren.
Dette er kanskje noko av det vi er mest kry av å ha fått til Trandalblues, nokon gong.
Det vi får presentert fra dette bandet er ein milepel i Trandal sine bakkar. Dette bandet er eit av dei mest etterspurde på den europeiske bluesscena, og dei er nemnde som det beste som har skjedd bluesen på fleire tiår.
Frå dei som har "greie på det":
Du får ikkje eit betre band til ein bluesfestival i år.
Du får ikkje betre blues enn på Trandalblues i 2018!

 
I 2010 gjesta Reidar Larsen Trandalblues.
Han kom og han leverte! I år er vi overtydde om at Norges mest profilerte og beste bluesmann igjen vil gje oss det beste.
For Larsen leverer, igjen og igjen.
Han er stadig aktiv på konsertfronten og vi snakkar om 12 eigne album, der to av desse oppnådde gullplate.
Han har halde 100 konsertar kvart år i mange år.
I år vert ein av desse på Trandalblues, med fullt band og «trøkk».
Alle kjenner Reidar, og han kjenner dei fleste konsertscenene, Trandal ikkje unnateke.
Vi veit at dette vert bra!
Velkomen skal du vere Reidar!
 

Med få unntak er Mike Andersen den største i Norden i dag.

Denne mannen har «herja» i Nordeuropa sidan han gav ut første plata si i 2002.

Andersen leverer ein herleg miks av blues, soul og alt anna som kjem inn i kategorien av god musikk, rett i hjartet på dei som er så heldige å få vere tilstades.

Dette veit vi som var på Trandalblues i 2014. For der var Mike Andersen! Han leverte då kanskje ein av dei konsertane vi sidan har snakka mest om. Han tok oss med i sitt musikalske univers, trygt grunnlagt på blues og soul, og der «Something» rørte oss alle som var der. I 2016 gav han ut sitt 6. album, mellom anna med bidrag frå Joss Stone.

I år har vi æra av å ønska Mike Andersen attende til Trandal. Vi veit lite om Joss Stone vert med denne gongen, men vi kan trygt garantere ei oppleving frå øverste hylle.

Vi ønsker Mike Andersen hjarteleg velkomen attende til Trandalblues 2018! 

 

"Kan du skru ned litt»

Nei, det er ikkje vi som krev det, men det er tittelen på ein podcast der Maarud og andre gitaristar snakkar om det viktigaste i livet, nemleg gitaren.

Blodfattige diskusjonar om han spelar blues eller ikkje - Amund Maarud er i takt med hjartet sitt og han jobbar knallhardt for det han brenn for. Og i år kjem han til Trandalblues! Med trommer bass og usminka gitar.

Han var her i 2013, og i år kjem han attende, fem år eldre men framleis med seks strenger og magi i fingrane. Han har med sitt faste band, trommer og bass. Amund Maarud treng ikkje meir. Denne mannen er unik. Vi gler oss til ei unik oppleving på ei unik scene! Trandalblues 2018!"

 

Det er mulig at han har stått godt på Besseggen, også med ein gitar i handa. Denne fyren som har knabba namnet sitt frå Ibsen sitt nasjonalepos er nemleg ein av Norges beste gitaristar. Peer gjesta Trandalblues i 2013, og han kjem att i 2018. Vi er svært nøgde at det lukkast oss å få Peer dit han høyrer heime. Mellom fjella i Hjørundfjorden. Han vil nok ikkje lukkast å setje fyr på dei, men at vi får sjå ein Peer i fyr og flamme, det er vi heilt sikre på.

Per Taraldsen er ein musikar med meir på samvitet enn dei fleste andre, med ei merittliste som mellom anna inneheld 100 konsertar i året sidan debuten i 1996. Han var på Trandalblues og gav oss musikalske og visuelle inntrykk som vi ikkje har klart å riste av oss. Og på jubileumsheftet i 2017 er det nettopp bildet av Per som pregar førstesida, frå ein artist som sette varmen i oss alle! Vi var aldri i tvil om at Per skulle kome attende.

Vi er begeistra for å få att dette fyrverkeriet av ein gitarist til Trandal!

 

"Aldri trudde vi at vi skulle få sjølvaste honky-tonk woman til Trandal! Stacie Collins er rock, blues og country. Ein knall songar, ein låtskriver og en skikkelege munnspelar i stilen til Chicago Blues. Collins har fått eit rykte for eit show med høg energi og tøffe låtar. Ryktet stemmer, folkens! Dette kjem til å vibrere aller øvst på tribuna på Christian Gaard! Dama er frå Oklahoma (US) , og ho fekk alltid høyre at «Jenter kan ikkje gjere slik»! Men ho gjorde det, og ho har halde fram med det. Dette er det vi treng, dette er bryllup! Bruda er bluesen, brudgommen er countryrock og forlovarane er sannsynlegvis alle som likte Elvis på femtitalet. Vi er svært glade for at Stacie vil ta turen til Trandal i 2018!  Vi er heilt sikre på at dette kjem til å bli ein av dei konsertane vi hugsar!

Stacie Collins, ladies and gentlemen! "

 

Denne ungdomen! 
Dagens ungdom har ville planar. Dei held seg nemleg ikkje lenger heime berre for å sjå kva som skjer. Nokre av dei skal absolutt spele musikk. Og nokre er absolutt betre enn det meste av det vi har høyrt. 
Dei fire kameratene i SILO, Halvor Nesbakk, Iver Strand Senneset, Håvard Lågeide og Oliver Igland vann bluescupen på Notodden i 2016, og dei kunne i 2017 titulere seg som Union Bluesband! Norsk Bluesunion erklærte dei som det beste av det nye, og gjett om vi er einige! Det er vi fordi vi har høyrt dei, og det let så bra i kropp og sjel at vi måtte berre gje dei fritt spelerom på Trandalblues! Mange konsertar sidan året som unionsband har gjort at bandet no kjem til å snu løa på Trandal oppned!
Er vi heldige får vi sjå dei også på hovudscena. Det gror i bluesmiljøet – det nyttar! Vi legg det på SILO og vi kan love foring av beste kvalitet! Berre høyr på den gitaristen! 
Vi gler oss gutar – velkomne til Trandalblues 2018!

 

The Red Roosters Blues Band !
Det er ikkje slik at The Red Roosters Blues Band er utan erfaring. Men dei kjem trass alt frå Volda. Det kan vi tilgje dei, særleg når vi veit at dette – mine damer og herrar – er dei herrane som starta sjølve BokkeReidars. 
Endeleg kjem «Roostersanje» til Trandal! Heilt sikkert med godt humør, bluesfot og swingande musikk. Dette er garantert god musikk på ein festival der slik musikk skal spelast.
Svein Hunnes (bass, vokal), Stein Hjelle (orgel, vokal), Per Arne Brandal (gitar), Vebjørn Vestre (trommer) og Jostein Runde (gitar).