© 2019 bratt og blått

Hovedsponsor:

SBM ny.jpg
  • w-facebook
 

ARTISTAR 2016:

Chris Thomas King ( USA ) 

Chris Thomas King var ein av hovudaktørane I storfilmen “O Brother, Where Art Thou” der han hadde ei stor rolle, og bidrog til vesentlege delar av filmmusikken. Gjennom sitt musikarliv har han inspirert artistar som Mumford & Sons, og songane hans har blitt innspela av storleikar som m.a. Buddy Guy.
Mange meiner at King har vore ein av dei som har ansvaret for å endre måten vi tenkjer blues på.
I år gjer han ein av sine sjeldne opptredenar i Norge, og det på Trandalblues!

Adam Douglas ( USA / NO )

 

Adam vart henta til Norge i 2007 av bluesbandet Woodleg Odd. Etter eit par heftige spelejobbar vart han "hugteken" av Norge og bestemte seg for å bli. Han har budd i landet sidan og har etterkvart vorte ein seriøst etablert artist, både som soloartist og som frontfigur i fleire band. Dette har resultert i fleire TV-oppdrag for m.a. NRK, TV2 og TVN og ei rekkje gjesteopptredenar som vokalist i alt frå Beatlesprosjekt til storband. 

Adam har vore på Trandalblues med Woodleg ved feire høve, men i år kjem han med sitt nye band. 

I tillegg vil han gi jernet som gjestevokalist for Sykkylven storband, slik at vi vil oppleve fleire sider av denne allsidige og superhyggelege musikaren med ei stemme som spenner over fire oktavar...

 

Thorbjørn Risager  

& The Black Tornado ( DK )

 

Thorbjørn Risanger er Danmark sin store blueskomet, og vi kan nemne fylgjande fakta:

  • Bandet vart grunnlagt i 2003, og dei har turnert i meir enn 20 land med meir enn 800 konsertar

  • Bandet vart nominert til British Blues Award i 2015

  • I 2013 vann dei Danish Music Award 2013 for plata ”Dust and Scratches” og i 2014 for ”Too Many Roads”.

  • Einaste bandet so har vunne DMA to år på rad.

  • For albumet “Too Many Roads” fekk dei Tyskland sin berømte kritikarpris; “Preis Deutschen Schallplattenkritik”

  • Songs From The Road er deira 10. album

Thorbjørn Risager er med andre ord mellom dei sterkast skinande stjernene på “blueshimmelen” for tida.

 

Christina Skjølberg ( NO )

 

Christina kjem frå Smøla. Ho kom som ein vakker vårbris inn på den Norske bluesscena for nokre år sidan, og dei som har opplevd denne artisten seier at tidvis har denne brisen utvikla seg til ein ekte, amerikansk tornado!

Ein ung, blond, kvinneleg og venstrehendt artist fins det få av i verda, men når talentet har utvikla seg til ein artist av dette formatet er det unikt! Vi gler oss til Christina og til blues frå ein av norges fremste utøvarar i sin sjanger.

Spoonful of Blues  ( NO )

 

Notodden baserte Spoonful of Blues er blant landets absolutt mest hardsvingande bluesband.

For mange vil dette bandet bli eit høgdepunkt, og med lovnader om Deep Blues, Hypnotic Grooves og Rock’n’Roll er vi garantert å få servert rockbasert og svingande blues frå øverste hylle.

 

 

Sykkylven Storband  ( NO )

Årets lokale artistar er Sykkylven Storband frå nettopp sjølvaste Sykkylven.  Dette er kanskje distriktet sitt mest aktive og leiande storband. Dei ligg no i hardtrening for dei aktar å bevise at bygda kan meir enn å lage møblar...!

Her vil det bli servert blues med swing og trøkk! I tillegg til å spele med eige band vil Adam Douglas stille som solist denne kvelden.

Tony Dowler's Hellhounds (UK)

 

Tony Dowler's Hellhounds er ein hardslåande blues-rock powertrio frå Manschester UK.

Karane er sterkt inspirerte av den legendariske irske gitaristen Rory Gallagher, og har fleire av hans store verk på programmet. Her vil det med andre ord bli full gass frå første til siste låt...!

 

TightRope  ( NO )

TightRope er eit nytt og spannande bluesband som får sin elddåp under årets Trandalblues.

Bandet består av garva musikarar frå Sunnmøre med vokalist og låtskrivar Knut Eilefsen i front.

MK’s Marvellous Medicine

 

MK's Marvellous Medicine er eit av norges mest interessante bluesband for tida.

Heftig turnering og lansering av det kritikarroste debutalbumet i januar i år har ført til stor etterspørsel etter dette friske live-bandet. Absolutt å anbefale !