top of page

Historikk overført frå siste nytt:

02.07.21:

Ekstra publikumsbillettar er lagt ut på tikkio. Nokre få igjen i dag.

27.06.21:

Billettar både fredag og laurdag er utseldt. Vi skal ha ei opptelling og sjekke om det er mulig å få på plass ekstra publikumsbillettar. Om det blir tilgang på fleire billettar vert desse lagt ut på tikkio torsdag kveld 1/7.

08.06.21:

Billettsalget er i gang frå 09.06.21. I år blir det kun førehandssal og antal er begrensa til 300 pr. kveld. Publikum som kjem med båt, bobil, campingvogn eller telt og ønsker å vere på Trandal i helga må også kjøpe festivalbillettar.

Båttransport i år blir Sæbø-Trandal til oppsette tider:

Kvar halvtime frå kl. 17:00 til siste avgang frå Sæbø kl. 20:00.

Retur startar frå Trandal ca. 23:30.

Ingen organisert båttransport frå andre stadar enn Sæbø.

20.04.21:

Det blir festival men slik det ser ut i dag blir det vanskelig for utenlandske artistar å kome til Norge. Vi har kontakt med fleire norske band som er svært spelesugne og spenna klar for å steppe inn. Vi planlegg med andre ord for nok ein festival med musikalske høgdepunkt og topp stemning.

Endeleg avgjerd om reglar for festivalsommaren 2021 kjem i løpet av mai.

Programmet vil bli klart og billettsalget vil starte umiddelbart etter dette er avklart.

20.03.21:

TRANDALBLUES 2021 – JAVISST!

Det er usikre tider. Kulturen blør, men festivalsommaren kan likevel bli bra. Vi satsar iallefall på at det blir ein bra blues-sommar på Trandal 2.-4. juli i 2021.

Om det vert mogleg å reise til bakkane på Trandal for amerikanske og engelske artistar, det står att å sjå. Men festival vert det. Vi har også avtaler med fleire knallgode artistar frå Noreg! Vi vil berre oppfordre alle til å fylgje med, på facebook, på nettsida eller i media.

Vi kjem att med nye meldingar over påske. Om tilhøva tillet det vil vi starte billettsalet, seinast ein månad før showtime.

Det blir Trandalblues 2021!

12.10.20:

Vi håper og trur på at det blir mulig å gjennomføre Trandalblues 2021.

Det meste av planar er på plass og dei fleste artistane er klar.

Vi er stolte over å kunne presentere artistar frå Norge, Sverige, UK og USA.

Pga. den spesielle situasjonen verda er i for tida har vi bestemt å vente litt før vi opnar for billettsalget på tikkio.com. Meir info kjem etter kvart.

​Vi jobbar vidare med eit par artistar til som muligens kan få plass, så her blir det uansett mykje å sjå fram til.

Vi gler oss nok ein gong til første helga i juli :-)


30.05.20:
Då er det endeleg stadfesta frå norske myndigheiter
at festivalsommaren er avlyst.
Det betyr dessverre at Trandalblues 2020 er avlyst.
Vi håper å kunne arrangere Trandalblues 2. - 3. juli 2021.

10.01.20:
Det er oppretta eiga side på tikkio.com for dei som ønsker å bestille plass til bobil, campingvogn eller telt. Trykk på linken her:
Trandalblues Camping

05.12.19:
Programmet for Trandalblues 2020 er no offisielt.
I år er vi ekstra tidleg ute med presentasjon av artistane til neste festival.
Dette er viktig for at vi skal kunne skaffe dei store artistane vi vil ha, og ikkje minst for å kunne få hit dei nye "up and coming" artistane før dei blir for store for våre budsjett.
Nok ein gong har vi klart å hente topp artistar frå inn- og utland til "Verdas vakraste bluesfestival" Trandalblues.
Vi er stolte over å kunne presentere artistar frå Norge, Sverige, UK og USA.

Vi jobbar vidare med eit par artistar til som vi muligens kan få plass til så her blir det uansett mykje å sjå fram til.
Vi gler oss nok ein gong til første helga i juli  :-)

21.06.19:
Vi har fått ein del spørsmål om busstransport 
frå Ørsta til Sæbø. Vi har ingen organisert transport
til Sæbø, men FRAM FLEX er ei ordning der du
kan bestille transport min. 2t før avgang.
Fredag er avgang 17:55 og laurdag 15:30.
Kostar kun kr. 50,- og kan bestillast her:
FRAM FLEX 


08.04.19:
Vi gratulerer Geir Bertheussen Blues Express 
med 2.plassen i «European Blues Challenge» ! 
Fredag 5.juli kjem som kjent Europas nest
beste bluesband til Trandalblues !
Vi gratulerer !


08.02.19:
The Jelly Roll Men er klar for Trandalblues 2019.
Dette er litt av eit showband som spelar
ekte "old school" Chicago Blues.
Dei skal spele i Løda begge dagar
og på hovedscena laurdag 


19.01.19:
Førebels program for Trandalblues 2019 er endeleg offisielt.
Nok ein gong har vi klart å hente topp artistar frå inn- og utland til "Verdas vakraste bluesfestival" Trandalblues.
Vi er stolte over å kunne presentere artistar frå fire kontinent,
Europa, Sør-Amerika, Nord-Amerika og Australia.:
Blues Beatles, Reidar Larsen, Rick Estrin and the Nightcats,
Lachy Doley Group, Roffe Wikstrøm, GW Blues Express, 
Sykkylven storband m/Hilde Louise Asbjørnsen.

Vi jobbar med eit par artistar til så her blir det mykje å sjå fram til.
Vi gler oss nok ein gong til første helga i juli  :-)

07.07.18:

Pga. stor pågang frå Ålesund har vi fått på plass ekstra

båtavgang frå Ålesund kl. 16:30.

Det er Fjord Molde som går frå Rutebilstasjonen.

Retur til Ålesund ca. 02:15.

28.06.18:

Busstransport frå Sæbø til Ørsta Volda

begge dagar ca. kl. 01.00 via Volda og 

ca. 02.00 direkte til Ørsta. 

Ingen organisert busstransport til Sæbø - kun retur.

Billett kr. 100,- må løysast før ombordstiging.

Kontant eller Vipps #109075 Bratt og Blått

26.06.18:

Adam Douglas kjem til Trandalblues med 

 blues/soulbandet sitt High Red som for
anledninga er utvida med blåserekke.
Dette er einaste konserten Adam & High Red
gjer i Norge i 2018, så dette er svært  :-). 

21.06.18:

Ny avgangstid for båt Ålesund fredag.

For å ha nok kapasitet har vi inngått avtale

med The Fjords. Det betyr at vi får  plass på Fjord Molde

som har ruter på Hjørundfjorden i sommar.

Avgang frå Ålesund fredag 6/7 kl. 16:30.

Laurdag er det Tollesund som går frå Ålesund.

Avgang kl. 15:00 som tidlegare publisert.

25.04.48:
Programmet for 2018 er komplett!
Vi har sikra oss ein skikkelig "godbit" frå USA:
The Welch Ledbetter Connection.
Dette er noko av det absolutt hottaste som
finst for tida og her snakkar vi musikarar og stjerner
i verdsklasse. Det er berre å spenne seg fast :-D

22.04.18:
Peer Gynt Band er nest siste band i presentasjonen
av årets artistar. Han besøkte oss i 2013 og avslutta laurdagskvelden med eit forrykande show.
Dette vil vi og publikum gjerne oppleve igjen -
noko vi garantert får når Peer med sitt band går
på scena som siste band ut laurdag.

20.02.18:

The Red Rooster Blues Band  er det mest kortreiste

innslaget på Trandalblues 2018.  

Laurdag 7/7 er det duka for

The Red Rooster Blues Band frå Volda.

Dei som har opplevd bandet før veit at dei serverer

blues ispedd solide doser humor, og i følge

rykter er planlegginga godt i gang allereie :-)

10.02.18:

Årets "Lødeband" er Silo.

Bandet Silo blir garantert ein av dei store 

overraskingane i år. Trass sin unge alder har

dei vore på heftige turnear i inn- og utland

etter å blitt kåra til Union Bluesband på Notodden i fjor.

03.02.18:

Årets første kvinnelege artist er klar.

Det er ingen "hvem som helst"

Stacie Collins  tar turen frå USA til Trandal

for å gi  oss ein leksjon 

vi sannsynlegvis seint kjem til å gløyme...

27.01.18:

Fjerde artist som gler seg til Trandalblues 2018:

Amund Maarud  !

Han kjem med sitt nye bandkonsept.

Dette blir spennande.

På plass fredag 6. juli.

20.01.18:

MIke Andersen superklar for

 Trandalblues-2018.

Dei  som opplevde han her i 2014 veit kva 

vi snakkar om av fyr, og dei som ikkje var her 

får ein ny sjangse i år.

13.01.18:

Andre artist klar:

Mr. Blues himself - Reidar Larsen

Han har vore her før og er sterkt ønska

tilbake av mange. Det skjønar vi godt.

Ooouuhh - dette blir bra :-)

06.01.18:

Då er første artist presentert:

Sjølvaste Adam Douglas.

Han var med på første Trandalbluesen

og er alltid velkomen tilbake.

"Enj ta toppå" so vi sei på Sunnmøre :-)

04.07.17:

Det blir også båt frå Hundeiedvik til Trandal.

Begrensa kapasitet, kun førehandssalg på tikkio.com

04.06.17:

Båtbillettar Ålesund- Trandal tur/retur kan no kjøpast på tikkio.com

NB! Begrensa kapasitet .

Her er mao. det lurt å vere tidlig ute om du vil sikre deg billett til båten.

03.04.17:

To nye lokale band klar for Trandalblues 2017:

Pineapple Express får den store æra av å åpne årets jubileumsfestival torsdag. 

Skal med andre ord varme opp for sjølvaste Blues Brothers !

Faculty of Funk vil sørge for å blåse i gang stemninga frå hovedscena fredag.

14.02.17:

Då er pressekonferanse og NRK intervju gjennomført

og årets hovedartistar er med dette lansert !

Sjølvaste Blues Brothers Band kjem til Trandalblues

og gjer sin einaste konsert i Norge i år.

I tillegg har vi samla nokre av dei aller beste norske artistane

pluss nokre internasjonale storleikar.

Sjå under Program og Artistar.

Meir info om transport, overnatting m.m. kjem snart.

Billettsalget er i gang via tikkio.com.

Fleire artistar kjem til litt seinare, men her er 

allereie meir enn nok å gle seg til :-)

10.02.17:

Årets festivalprogram lanserast tirsdag 14/2.

Festivalen vert i år utvida med ein dag.

Det betyr start torsdag 6/7 med

"verdens mest kjende bluesartist/band".

Det er rett og slett utrulig og egentlig ein umulig tanke 

at vi kan få eit slikt internasjonalt kaliber til vår vakre festival.

I tillegg til internasjonale kaliber er fleire av dei desidert beste

norske artistane klare til å sette blå farge på 10-års festen.

01.02.17:

Vi jobbar intenst med innspurten av årets program.

Dei aller fleste brikkene er på plass og vi lovar at årets

10-års jubileumsfestival vil overgå alt anna vi har hatt !!

Vi er ikkje akkurat beskjedne nei, men så er det ikkje akkurat 

"kvardagskost" vi har å tilby heller. Vi kan love fleire overraskelsar

og om alle forhandlingar går i boks vil vi i tillegg

snart kunne presentere ein sensasjon. 

Meir info kjem i løpet av februar. 

 

 

04.07.16:

Tusen takk til alle som bidrog til at Trandalblues 2016

no er historie, og ei svært god historie. 

Som vanlig har nemda, dei frivillige og folka på 

Christian Gaard gjort ein formidabel jobb.

I tillegg har våre folk i båt, buss, hotell og ikkje minst 

sponsorane vore til uvurderlig hjelp og støtte.

Sist men ikkje minst tusen takk til vårt trufaste publikum

som veit at på Trandalblues er det alltid ei fantastisk stemning

og musikk i absolutte verdsklasse. Neste Trandalblues blir 

7. og 8. juli 2017, og då blir det tydelig markert at vi har

10-års  jubileum

Velkomen tilbake !

22.06.16:

Buss Sæbø - Ørsta begge kveldar ca. kl. 01.

Buss Sæbø - Ørsta/Volda begge kveldar ca. kl. 02.

Meir info under "Transport"

22.05.16:

Båttransporten er på plass.

Det blir båtar frå Ålesund, Hundeidvik og Sæbø.

Sjekk detaljar under "Transport"

20.04.16:

Programmet er endelig komplett. I år som alle andre år blir det 

ein suveren miks av lokale, nasjonale og internasjonale artistar.

Med andre ord ligg alt til rette for nok ei fantastisk helg på Trandal. 

 

05.02.16:

Fleire artistar er på plass og billettsalget er i gang via tikkio.com

 

05.10.15:

Galleri oppdatert med bilder frå Trandalblues 2015

 

01.09.15:

Evaluering av årets festival i full gang.

Håper på å bli enige om ny festival første helga i juli 2016.

Følg med her og på Facebook for updates :-)

28.06.15:

Spørsmål vedr. overnatting, plass for campingvogn/campingbil, teltplass osv. rettast direkte til Christian Gaard på 70061562 eller Daniel Storeide på 99106659.

22.06.15;

Har du behov for båtskyss frå Standal eller Hundeidvik er det berre å ta kontakt med Daniel på 99106659.

 

21.06.15:

NB! Båt til Trandal frå Sæbø går frå Sagafjord Hotell.

Der er det god plass å parkere (heilt gratis).

Bussretur Ørsta om natta er også frå Sagafjord Hotell.

Enkelt og greitt :-)

 

12.06.15:

Då er endelig båtskyssen i boks !

I år blir det auka kapasitet på båt Sæbø/Trandal og Ålesund/Trandal.

Avgang Sæbø frå Hotell Sagafjord (Lekteren)

Avgang Ålesund frå Rutebilstasjonen

Sjekk TRANSPORT for detaljar om både båt, buss og ferge

 

26.05.15:
Då er programmet for Trandalblues 2015 komplett:
Etter fleire forsøk tidlegare år kan vi no endelig bekrefte at
Øivind Elgenes m/ELGband kjem fredag 3/7.
Dermed er programmet for helga spikra, velkommen !!

 

21.05.15:

Takk for stor interesse for å jobbe som frivillig under årets festival. Slik det ser ut pr. i dag har vi nok av frivillige, men ta for all del kontakt om du likevel har lyst å bidra.

07.05.15:

Har du lyst til å vere med som frivillig hjelpar ved årets festival?

Kontakt oss pr. e-post eller telefon

KONTAKT

 

Her kan du lese artikkel frå Møre-Nytt

 

 

 

24.03.15:
Programmet offisielt lansert i dag.
Sjekk detaljar under "Program"

 

09.02.2015:

Billettsalget er i gang. Kjøp festivalpass eller dagsbillettar på tikkio.com.

Presentasjon av komplett program i løpet av mars.

 

28.01.15:

Første offisielle artist signert:

DR. FEELGOOD TIL TRANDALBLUES 2015 !

Artikkel frå Møre-Nytt her:

www.morenytt.no/nyheiter/article10588536.ece

 

 

Januar 2015:

Dato for årets festival er stadfesta: 3. + 4. juli.

Meir info om program m.m. kjem etterkvart

 

Galleri-2014 oppdatert med livescener og bilete. Velg frå Galleri på menyen.

 

2014:

Pga. stor pågang set vi opp ekstra buss frå Rutebilstasjonen Ørsta  fredag kl. 17

Kr. 100,- Kontant

 

01.07.14:

Tur til Trandalhatten.

Det blir guida tur til Trandalhatten.

Avgang frå Christian Gaard laurdag kl. 11.00

Det er Stig Helset som stiller som guide.

Veratterhald.

Påmelding på tlf 959 35 797

Kr 100.- pr. pers.

 

30.06.14:

Mange likar både fotballl og blues. Det vert vist VM fotball frå fleire skjermar gjennom helga.

 

28.06.14:

Båttransport laurdag frå Ålesund har begrensa kapasitet. Legona går frå Ålesund kl. 10. Ta kontakt med 62Nord for meir informasjon og billettbestilling.

I tillegg har vi sett opp båt frå Vegsund kl. 16, kapasitet på 20 personar. Bestilling på 99 10 66 59.

Retur til Ålesund kl. 02 med Fjord Ålesund (kapasitet 95 personar).

 

24.06.14:

Vi har fått ein del spørsmål rundt tidspunkt for konsertstart og slutt frå hovedscena.

Fredag er det konsertar frå kl. 20.00 - 01.00 og laurdag frå kl. 18.30 - 01.00.

Det betyr at alle har god tld til å kome seg til Trandal før konsertstart og god tid til å rekke båtar heim etter konsertslutt. I løda vil det være musikk begge dagar mellom ca. 23.30 - 02.00.

 

22.06.14:

Roald har laga ny Teaser. Sjå den her:

 

15.06.14:

No kan du bestille båtbillett tur/retur Ålesund.

Dette gjeld for båt fredag kl. 18 .

Gå inn på "Billettar" i menyen og velg aktuell dag.

 

12.06.14:

Båt- og bussruter er no stadfesta. Du finn detaljane under "Logistikk" i menyen.

 

11.06.14:

Vi får stadig tilbakemeldingar frå artistane som gler seg veldig til å oppleve Trandalblues som dei har høyrt så mykje fint om. Vi har m.a. fått ei flott helsing frå Mike Andersen:

https://www.facebook.com/photo.php?v=789291237761100

 

10.06.14:

Billettsalget er betre enn nokon gong, og vi har derfor utvida kapasitet både på båt- og busstransport.

Du kan med fordel bestille billettar på førehand under "Billettar" i menyen.

Førehandsbestilt billett er rimelegare samt at du unngår billettkø ved inngangen.

 

17.05.14:

Breaking news: LAZY LESTER klar for årets festival !!

Vi er stolte av å kunne røpe at sjølvaste Lazy Lester kjem tilbake til Trandal i år.

Etter å ha opplevd den unike stemninga, naturen og ikkje minst folka på Trandalblues i fjor hadde han eit stort ønske for 2014: Returnere til Trandalblues for nye konsertar og opplevingar.

Vi snakkar altså om 81-åringen Lazy Lester, ein av dei siste store levande blueslegendene.

Er det rart vi er kry ?  Lazy vil spele på hovedscena i lag med Bob Barker Bluesband på fredag og laurdag i tillegg til improviserte innslag med "løs jakke" i Løda begge dagane. Dette blir utvilsomt eit av festivalens store høgdepunkt i år  !  

 

25.03.14:

Programmet er klart og billettsalget er i gang. Oh yeah !

24.03.14:

Oppdaterte websider på lufta.

Her vil kome oppdateringar og aktuelle nyheiter etterkvart.

 

Juli 2014:

Tusen takk til alle artistar, publikum, frivillige, sponsorar, samarbeidspartnarar og støttespelarar for at de var med på å gjere Trandalblues 2014 til den beste festivalen hittil !

Det var svært gledeleg for oss i Bratt og Blått å vere vitne til at festivalen vart ein suksess med mange musikalske høgdepunkt og blide folk. Velkomen tilbake !

Her er eit par artiklar frå BluesNews. Kjekt med gode tilbakemeldingar frå landets leiande bluestidsskrift !

 

Flott Bratt og Blått på Trandal.         Bratt og Blått Bluesprisen til Lazy Lester

 

Du finn bilete og videosnuttar frå Trandalblues 2014 under Galleri på menyen

TRANSPORT 2014:

 

 

transport  til og frå 2014:

Busstransport frå Sæbø til Ørsta og Volda

Jostein stiller som vanleg opp og organiserer busstransport.

3 bussar vil frakte bluesgjestar heim etter konsertslutt  fredag og laurdag.

Bussane går frå Sæbø til Ørsta rutebilstasjon og til Volda rutebilstasjon.

 

Kontant betaling kr 100,-

 

Båtar frå/til Sæbø:

Frå Sæbø fredag frå kl. 17:00 til 21:00 etter behov.

Frå Sæbø laurdag frå kl. 15:00 til 21:00 etter behov.

Første retur frå Trandal til Sæbø begge dagar frå ca. kl. 23:30 etter behov.

Siste retur frå Trandal til Sæbø begge dagar kl. 02:30

Fjord Ålesund går også to returar til Sæbø begge dagar kl. 01.00 og 01.30.

Billettpris båttransport tur/retur kr. 250,-.

Billettpris kun retur frå Trandal kr. 150,-.

Betalt billett for båttransport er gyldig for begge båtane.

Ferge frå Standal til Trandal:

Fredag    kl.  09:45, 15:50 og 19:40                         

Laurdag  kl. 07:50, 15:50 og 19:30

 

Ferge frå Sæbø til Trandal:

Fredag   kl.  09:10, 15:10 og 19:00                         

Laurdag kl.  07:05, 15:10 og 18:30

 

Båt frå/til Ålesund:

Fredag:

Fjord Ålesund med avgang Ålesund kl. 18. Retur kl. 02.

I tillegg går Legona kl. 10 (begrensa kapasitet).

Ta kontakt med 62Nord for detaljar og billettbestilling.

Tlf. 70114430 eller  post@62.no.

Laurdag:

Legona avgang kl. 10 frå Ålesund (kontakt 62Nord)

Båt frå Vegsund kl. 16 (20 passasjerar)

Bestilling direkte på tlf. 99 10 66 59

Retur med Fjord Ålesund kl. 02.

 

© 2025 bratt og blått

Hovedsponsor:

SBM ny.jpg
  • w-facebook
bottom of page