


Trandalblues, 2018. Ein av dei siste gongane Mike Ledbetter var på Norsk jord. Då var han saman med Mike Welch. Etter at Ledbetter forlet denne jorda hadde Mike Welch ei tid der han undra seg på - kva no? Men etter 25 år som ein av dei verkeleg store bluesgitaristane han er, bestemte han seg for å «køyre toget» vidare. Og for det er vi verkeleg takknemlege. I år har det lukkast oss å få denne verdsstjerna til Trandal igjen! Mike Welch kjem sjølvsagt med eit glimrande band, der alle er musikarar som skjønar kva blues handlar om.
Dan Aykroyd (Blues Brothers) ga Mike kallenamnet «Monster Mike) allereie då Mike var 13 år. Etter dette har han synt seg verdig til kallenamnet. Han har gitt ut over 10 album, anten sjølv eller saman med andre. Han er teken opp i Rhode Island Blues Hall of Fame. Han er ein av dei største bluesgitaristane, og han gler seg til å entre scena på Trandal igjen. Han er ein kjekke kar, og han kjem til å spele oss glade! Vi er rett og slett kry for at Mike vel Trandalblues som eit stopp på verdsturneen han er på i 2023. Velkomen Mike , og velkomne alle til bluesfest med Mike Welch!
Lachy Doley var på Trandalblues i 2019. Og då var vi heilt sikre på at denne artisten ville vi ha att! Og Lachy var ikkje vanskeleg å be! Og vi som var der i 2019 slit endå med å riste av oss varige inntrykk av ein av verda sin beste traktørar på skikkelig Hammondorgel. Bandet har eit musikalsk uttrykk som ikkje eigentleg kjenner grenser, men som heidrar ekte formidling og rett og slett knall god musikk. Sidan 2019 har bandet spela hundrevis av konsertar over heile verda. Han har toppa blueslistene i Australia og i England. Han har spela saman med medlemmer i Deep Purple og fleire andre verdskjende artistar. Går du inn på heimesidene hans kan du laste ned «greatest hits» gratis. Og dette vert tilrådd som ei førebuing for sommaren si beste oppleving.
Lachy Doley er unik! Og bandet er trommer, og bass i vedunderleg samspel med sjefen sjølv. Og, ja, han tek med clavinettet med vib arm! Vi treng ikkje nemne meir. Snakk med nokon som var der i 2019. For Lachy kjem att til Trandal, endå betre!

Frå bluesens vogge. Frå der alt kjem frå. Trandalblues 2023 kan stolt presentere tre glimrande, ekte bluesgitaristar frå Texas! Drivande og ekte, stolt og dette som gjer at denne musikken aldri sluttar og fasinere. Dette er sjeldan «vare», dette er ein gong i livet. Tre glimrande bluesgitaristar i samspel med eit skikkeleg band, byr på ei oppleving som få vert forunt. Men på Trandal får vi oppleve denne sensasjonen! Vi seier ikkje meir anna at dette er verdt inngangspengane aleine. Vi lovar!

Bjørn Berge har vi hatt «på blokka» i fleire år. I år lukkast det!
Dette er eit akustisk geni, som kan flytte fjella kring Hjørundfjorden med sin enorme energi formidla gjennom ein akustisk gitar. Repertoiret spenner frå coverversjonar til eigne låtar. Takka vere Bjørn sine vokale prestasjonar saman med det unike uttrykket han formidlar på gitaren, gjer at konsertane hans alltid er ei stor oppleving. Han er skildra som «cathy and soulful», noko som heilt sikkert vil røre ved dei mest kresne mellom oss.
Vi såg og høyrde Bjørn på Notodden i 2022. Han tok oss og hundrevis av andre med storm, artisteri og blues i «bøtter og spann»! Gle Dykk til ei unik oppleving frå ein unik artist!

Kven hugsar ikkje Juke Joints? Desse folka frå Nederland som kom og laga ”party” på Trandal i 2014! Det er nokre år sidan, men dei er framleis eit glimrande bluesband. Og han på munnspel som gjorde Totto Nilsen misunneleg, han er framleis med! I år er dei her! Det vert blues frå scena og det vert skikkeleg blues i løda.
Om du ikkje veit det, er The Juke Joints eit samspelt og glimrande bluesband som gjer at konsertane deira alltid vert ei imponerande forestilling av blues, og med eit samspelt band som eig den skikkelege blueskjensla. Dei har ei stor fanskare i heimlandet, og noko av målet vårt er å utvide denne skaren! Dette er «heil ved» - dette er blues, folkens!

Neeei, kva skal vi sie om Pineapple Express? Kanskje ikkje anna enn at dei er Herifrå. Og det beste parybandet i mils omkrins. Og når dei kjem på Trandal er det garantert bluesparty!
Dei var her i 2017 og dei måtte kome attende. Sjølvsagt etter mykje mas, men vi var verkjeleg ikkje seine å be. Olav har lova at han skal vere slik han er til dagleg, og det tyder ikkje anna enn at vi skal bu oss på ei forrykande forestilling av det sværaste vi har i lokalmiljøet vårt. Vi veit at dei fleste kjenner bandet. Og alle veit at dette vert svært, og at dei høyrer til på Trandalblues!

Dei som hugsar bandet «January» og Marith Endresen. dei veit verkeleg kva dette dreiar seg om. Marith har utvikla ei av dei verkeleg store Blues/soul stemmene i Norge. Det er på tide å presentere «Mighty Marith» også på Trandalblues. Som Marith sjøl seier: «Dette blir stas» Og vi lovar verkeleg stas når dette fyrverkeriet skal smelle over Trandalsbakkane. Marith har halde på i over 30 år som artist. Mange har hatt stor glede over å høyre hennar kraftfulle tolkningar av nokre av de finaste låtene frå blues, rock og soulen sine beste artister og låtskrivarar.
Om du ikkje har opplevd Marith før – her er sjansen - Trandalblues 2023!

Kva meir er det å seie? Ein tenåring som spelar gitar som Stevie Ray Vaughan. Med ein musikalsk teft som til og med «vaksne folk» ikkje gjer han etter. Og vi som var på Stødt tidlegare i år veit kva vi snakkar om. Dette er svært, og dette lovar godt for framtida. Otto har trass i ung alder lang fartstid runtdom på bluesklubbane i Norge. Han er eit unikt talent, og vi er særs stolte av å kunne presentere dette talentet på Trandalblues. Otto er verkeleg verd ei scene, og han er verdt eit publikum som på Trandalblues! Vi presenterer herved Otto jr!!

Vi veit meir enn det dei skriv om seg sjølve: «FunkUps har base i Volda og spelar funk og jazz-rock frå det svunne 70-talet» Nei gutar! Det er meir! Dette er nemleg eit supert band frå Volda, musikarar av første klasse og dette er bandet som vi er stolte av å kunne by på. Rett frå nærmiljøet vårt. Ein gjeng vi kjenner, ein gjeng som leverer og ein gjeng som rett og slett vil overraske oss som høyrer på. Velkomne til Trandalblues 2023!