top of page
BluesBrothers

ARTISTAR 2017:

The original

Blues Brothers Band ( USA ) 

Det er ikkje mykje som ikkje er sagt om dette bandet. Eit formidabelt bluesband, Med ei parade av blueslåtar som ingen andre kan syne maken til.

I levande live på Trandal!

Kven har ikkje sett filmen? Og av dei som kjem til Trandalblues er fleire av originalbesetninga. Her skal vi særleg nemne Steve Cropper. Dette er ein av ei dei heilt store musikarane i historia. Vi snakkar om ein mann som skreiv «Sitting on a dock of the bay» med Otis Redding, og spelte i bandet hans, Han skreiv også m.a. «Knock on Wood» med Eddie Floyd, og «In the midnight hour» med Wilson Pickett» . Cropper var med i Booker T and the MG's. Han har spela saman med Rod Stewart, The Jeff Beck Group, Ringo Starr og John Lennon!

Steve Cropper kjem til Trandal saman med dei einaste Blues Brothers i verda. Vi kan nemne mykje om dei andre medlemene i bandet, men her skal kun seiast at dette er eit av dei beste bluesbanda, med eit repertoire av dei mest kjende og kjære låtane i verda.

Reiersrud

Knut Reiersrud Band  (NO)

I 2011 kom Knut til Trandal med ein kvartett og sette merke på oss blueselskarar for livet. Knut Reiersrud står som ein av våre viktigaste kunstnarar og kulturpersonlegdomar, uansett sjanger. Han kjem med sjumannsband og artisteri som ingen annan. For han var det sjølvsagt å ville spele på Trandal i år, og for oss var det sjølvsagt at han skulle kome.

Reiersrud har spela på 6000 konserter, han har spela på meir enn 300 plater, mellom desse er 10 under sitt eige namn. Dette er ein musikar som alltid har med åtte gitarar fordi dei har blitt ulikt innstilt i høve kvar musikken kjem frå. Alle kjenner Knut Reiersrud. Knut kjenner Trandal,

og han kjem attende!

Busk

Vidar Busk Band (NO)

Når Vidar Busk kjem til Trandal i 2017 er det 3. gongen han spelar på Trandalblues!

Det seier sitt. Fordi dette er ein av dei mest reindyrka bluesmenn som Norge har å by på.

Og han leverer alltid! I år kjem han med ei formidabel blåserekke, med sitt unike talent og med fornya inspirasjon. Vidar Busk er ein mann å stole på !

Og her treng vi neppe å seie meir om denne mannen - jau, forresten:

Han er i gang med nytt prosjekt og kjem med ny utgivelse i løpet av året. Til Trandal kjem han med sitt nye 7-manns store band som består av:

Vidar Busk gitar/vokal), Atle Rakvåg (bass), Eivind Kløverød (trommer), Erlend Gjerde (keys), Petter Marius Gundersen (trompet), Hans Foys Friis (trombone) og Anders Hefre (sax)

MK

MK’s Marvellous Medicine  (NO)

Dette er årets spelemannsvinnar i kategorien Blues! Marie var her i fjor, og vi var heilt sikre på at henne ville vi ha attende i år! Makan til type! Bergensjenta spelar blues som ingen annan, saman med unge og særs kompetente musikarar.

Sagt om Marie Kristin Dale og MK’s Marvellous Medicine:

   •  "Marie Kristin Dale spiller allerede som en mester”, Dagbladet *

   •  «Post Hendrix» – Reiersrud og Borge på NRK Bluesasylet

   •  «Dette sparker!» – Bård Ose på NRK Radio Rock

   •  «En maktdemonstrasjon» – O.M Kvamme, Hardanger Folkeblad

   •  «Klar for å ta Norge med storm!» – Bluesnews

   •  «Rått ned til beinet. MK gir deg medisinen!» – Fjellparkfestivalen

   •  «We want to hear more from this band from Norway», Radio Caroline, UK

Latvian Blues Band  (LV)

Latvian

I 2014 høyrde vi dette bandet på European Blues Challenge. Og for eit band! Bakoversveis! Vi var einige om at dei måtte til Trandal. Og dit kom dei året etter. Roland Saulatis (leiaren – og vår venn) har ikkje gitt seg sidan. Dei ville attende!

Og i år kjem dei. Eit knall band med rett innstilling, og ein sikker vinnar for dei som høyrer. Dette er kanskje Nordeuropast beste band. Når alt kjem til alt.

Tony Dowler's Hellhounds (UK)

Hellhounds

Tony Dowler's Hellhounds er ein hardslåande blues-rock powertrio frå Manchester UK.

Eit band som tok alle med storm på Trandalblues i 2016.

Ein gjeng med talentfulle entusiastar.

Tre musikarar som synte guts, talent og ekte kjærleik til musikken dei formidla.

Og det gjorde heller ingenting at dette var særs kjekke karar som likar Rory Gallagher! Og dei gjorde oss glade med særdeles kompetent spel.

Heldigvis ville dei kome igjen i år!

BRBB

Bokkereidars Bluesband  (NO)

m/Side Brok

Bokkereidars BluesBand er i frå Volda. Dette er ein gjeng med entusiastar som har utvikla seg til noko ein ikkje skulle tru kunne bli slik.

Dette er rett og slett eit av dei beste bluesbanda i landsdelen!

Vi veit det – vi som bor her.

Bokkereidars har likegodt bedt med seg to kjekke kara' : SideBrok

Vi har ikkje ord for å skildre dette fenomenet, og om nokon undrar seg på kva dei har å gjere på ein bluesfestival ? Vent og sjå. Saman med Bokkereidars Blues Band skapte dei blå magi på Trandal i 2014 og dette vil både vi og publikum ha meir av på 10-års jubileet !

Vi er derfor stolte av å kunne presentere dette unike konseptet også i år. Dette er for framtida !

Og det gjer ikkje noko om vi også får Sirkel Sag på scena...

Faculty of Funk  (NO)

FoF

Faculty of Funk (FoF) er spelar hardtsvingane funk der legendariske Tower of Power er førebilete og hoffleverandør av musikalsk materiale.

Bandet er bygd rundt ei blåserekke der to av dei fem blåsarane er kvinner. Kompet består av røynde musikarar og det heile blir fronta av vokalist Janne Skarstein.

På settlista finn vi stoff frå Tower of Power, Stewie Wonder, Aretha Franklin, Blood, Sweat & Tears, Chicago m.fl.  Besetninga har skifta litt sidan starten, men musikken er den same og har slått godt an der gruppa har spelt.

Pineapple Express  (NO)

Pineapple

Herreforeininga Pineapple Express.
Karane har fast herreforeiningar med kaffi, fyrstekake og swiss-rull i eit øvingslokale i eit nedlagt industribygg i Ørsta. 
Repertoaret har vakse seg stort og svingande, og bandet spelar musikk frå mange ulike sjangerar, -viktigaste kriterium er at det skal vere kjekt å spele og skape god stemning. Dvs mykje god rock’n’roll musikkarv, fengande pop, litt Los Lobos og innslag av funk.
Bandnamnet har bandet lånt frå bygdetrollet, som skulle ha det til at nybyggerane på Øvre Mo i Ørsta kommuniserte med kvarandre ved hjelp av Ananasar i vinduskarmen. Bandet kan diverre korkje bekrefte eller avkrefte desse rykta, men synes ideen var fiffig og at bygdetrollet i dette tilfellet har utvist stor kreativitet.
Etter å ha spelt under konfliktorienterte bandnavn som "Rockegruppa Ottar" og "Faculty of Trump" gjekk bandet mainstream som Pineapple Express hausten 2015, med stor suksess.
Bandet består av meir eller mindre kjende lokale heltar:
Olav Sindre Kriken (vokal), Øyvind Krøvel (blås/perkusjon), Torgrim Skjerdal (tangentar)
Ole Johnny Kvalsund (gitar), Henning Hamre (gitar), Vegard Grimstad (bass) og
Geir Arne Ose (verdensbestetrommis)

bottom of page