

Shaggy Dogs til Trandalblues 2025 Litt av det eine, og litt av det andre. Dette er blues, soul og pubrock i ein smeltedigel, direkte frå Frankrike! Bandet sjølv seier at dei vel musikalsk fridom og at dei difor er rike på påverknad og musikalske fargar. Dei starta med musikalsk heider til Lee Brilleaux, den legendariske leiaren av Dr. Feelgood. No er dei attende med fen nye låtar – «Sorry for the delay», med m.a. Noregs Eric Slim Zahl på gitar som gjesteartist. Om Eric kjem til Trandal er uvisst, men vi kan love eit fyrverkeri av ein konsert med velkledde gentlemen frå Frankrike. Og som dei seier sjølv: «gjenoppdag Rock’n Roll blues Big Bang»!
Dette blir tøft! Vi gler oss!

Marius Lien er ein ung framfus artist som utmerkar seg som ein uvanleg bra gitarist, vokalist og låtskrivar. Han har tidleg gjort seg sterkt bemerka i det norske bluesmiljøet og blir av mange sett på som ein del av eliten blant norske musikarar trass sin unge alder.
August 2023 ga han ut sitt debut album som vart veldig godt mottatt, noko som resulterte i Spellemannsprisen i blueskategorien 2024.
Marius har samarbeida med artistar som Knut Reiersrud, Øystein Greni og Vidar Busk, noko som utarta seg til fleire konsertar og samarbeid på plate. September 2023 reiste han til Nashville for å lage plate med Magnus Berg og eit stjernelag av amerikanske musikarar.
Marius er eit friskt pust på norske scener, ein skikkeleg virtuos som gir av seg sjølv på kvar konsert og overraskar dei fleste med sin unike og kraftige vokal, unike gitarspel og allsidige låtar.

The Norwegian Soulband er eit av landets leiandede soul & funk band. Definitivt. Dette synte dei sist dei var på Trandal i 2021, då vi måtte avgrense publikumstalet pga. pandemien. Så – difor – her kjem dei til Trandalblues igjen, og no kan alle få sjå og høyre dette glitrande bandet. Særleg skal vokalist Kim Rune Hagen ha æra for at konsertane er den reine eksplosjonen! Han er nok den «råaste» vi har av vokalister i sjangeren akkurat no.
Bandet starta i Skien 1989, då med namnet SixPack. Med ei besetning av eit stramt komp, blåserekke og soulfull vokal gir dette ein «The Norwegian Soulband -sound» som er lett å kjenne att. Ekte speleglede smittar raskt over på publikum, som utan unntak får servert ei stor dose soul & funk med høg partyfaktor.
I tillegg til klubbjobbar m.m., er bandet er mykje nytta ved store festivaler som til dømes Nidaros blues, Notodden bluesfestival, Nevlunghavn Live, Sildajazz og Rørafestivalen, og no altså til Trandalblues for andre gong!
​
Bandet:
Kim Rune Hagen Vokal
Tommy Larsen Gitar og Vokal
Bjørn Edmund Fosstveit Bass
Per Christian Pedersen Trommer
Per Christen Stiansen Piano/Orgel, kor
Tron Taalesen Saksofoner , kor
Vidar Torbjørnsen Trompet/Flügelhorn, kor
​
Siste innspelte låt, “Get Your Funk On” finn du her: https://www.youtube.com/watch?v=_YEObUt1DiE
​
Albumet “Groove Your Hips”: https://open.spotify.com/album/4jHgwk5tOlNmyYn4TOSNBD?si=5d7f61b2cf894afb
​
Her er video frå The Norwegian Soulband på Trandalblues 2021
​
Vi gler oss!

På Skjærgårdsblues 2023 slo britisk-norske Krissy Matthews seg saman med norske Kåre Amundsen på trommer og Trond Hansen på bass. I staden for å spele sitt vanlige Krissy Matthews Band-repertoar med komplisert og tung bluesrock, bestemte dei seg for å gå ut og berre spele blues.
Det vart ein magisk, vakker og spesiell kveld med flott musikk.
Krissy bestemte seg for då for å lage eit unikt prosjekt eksklusivt for Norge:
Krissy Matthews and the Viking Blues Band.
Her får du presentert ei handfull av Krissys bluesy-låtar i tillegg til låtar frå bandmedlemane sine favorittartistar.
Krissy har vore lidenskapeleg opptatt av blues heilt sidan han som 12 åring delte scene med gudfaren til britisk blues John Mayall. Eit par år seinare fekk han karriereråd fra sjølvaste BB King, og Krissy er faktisk den siste musikaren som opptrådte i Storbritannia på scena saman med avdøde Jeff Healey. Krissy har fremført tusenvis av show både i USA, Kina, Europa og har delt scene med artistar som m.a. Toto, Graveyard, Joe Bonamassa, Gregg Allmann, Tedeschi Trucks Band, Beth Hart og Joe Satriani.
Krissy signerte med det tyske plateselskapet Ruf Records i 2021 og har gitt ut fleire kritikarroste album, m.a. "Pizza Man Blues" i 2021og "Krissy Matthews and Friends" i 2024.

Stuntbandet på Trandal!
Ja, det er sant! Og med ein ekte Hovdebygdar i front må dette bli bra! Leif Digernes er nemleg vokalist i dette fantastiske bandet. Dei har hovudsete i Oslo, og spelear ein av sine svært sjeldne konsertar utanom den byen. Allereie i 1982 vart bandet etablert, og med få utskiftingar er dei framleis særdeles aktive. Etter trommeslagar Geir Digernes sin bortgang har Sturla Nøstvik teke over trommestikkene. Elles er bandet intakt frå starten, berre det ein eineståande prestasjon! Slikt likar vi!
Bandet består av
-
Carsten Enger Gitar
-
Dag Selboskar Keyboard
-
Aslak Molvær Bass
-
Sturla Nøstvik Drums
-
Leif Digernes Vocal
I tillegg til uteljande spelejobbar med Stuntbandet i og omkring hovudstaden, har medlemmene spela med det meste av «toppane» i Noreg, alt frå Vidar Busk, via Fra Lippo Lippi, innom Trine Rein - og til Da Vinci.
Dette er groovande, tungt og heavy! Bandet har røtene i orden, verdig ein bluesfestival og med kjærleik til først og fremst musikken frå Deep Purple. Vi gler oss særdeles og ønsker sunnmøringar og alle andre velkomne til Trandal og til ei drivande stund med kvalitet!
1IDA
