
bratt og blått
Bratt og Blått er ein ideell organisasjon som står bak fleire årlege arrangement i Ørsta/Volda regionen, der Trandalblues er årets største og viktigaste høgdepunkt.
Første helga i juli kvart år står den vesle bygda Trandal i Hjørundfjorden på Sunnmøre i bluesens teikn.
Festivalen har vakse seg større og meir profesjonell for kvart år, og har alltid fleire norske og internasjonale kapasitetar innan blues/soul sjangeren på plakaten.
Variert program av svært høg kvalitet presentert i ei ramme med heilt unike naturlege kulisser i fjord og fjell, gjer at vi står inne for vår påstand om at Trandalblues er "Noregs vakraste bluesfestival".
Velkommen hit for å sjå og opplev denne unike festivalen sjølv, vi er 100% sikker på at du ikkje blir skuffa !
Helsing frå oss i Bratt og Blått nemnda: Terje, Kyrre og Arne.
Sjå også www.brattogblatt.no
