© 2019 bratt og blått

Hovedsponsor:

SBM ny.jpg
  • w-facebook
 
Southern_Avenue_Credit_David_McClister_0

Nokre gongar vert ein berre overtydd. Og det frå å kjenne att pur musikalitet frå ein you tube video. Vi er særs stolte av å ha fått denne gjengen med på Trandalblues 2020.

Southern Avenue er unge musikarar, som lagar musikk midt i i eit herleg musikalsk soullandskap . Bandmedlemmane kjem til å gje oss eit «elektrifiserande» live-show, garantert!

Southern Avenue har spela i  eit titalls land og dei har bergteke publikum på alle festivalar dei har vore innom. Gitarfenomenet Ori Naftaly kjem opprinneleg frå Israel, men slo seg saman med Memphis- songaren Tierinii Jackson og søstra hennar, Tyrara Jackson på trommer. I tillegg er keyboardisten Jeremy Powell med, ein tidligegare elev frå Stax Records  sitt anerkjente musikkakademi. Dette er alvor, dette er Southern Avenue. Vi leikar ikkje, desse er mellom dei beste! På Trandalblues 2020 !

 
img-1195.jpg

There is only one Ray Gelato! 

Dette er bandet som Sir Paul McCartney kallar «awesome» og som spelte i bryllupet hans! Dette er husbandet på den vidkjende spelestaden «Ronnie Scotts» i London. Og dette er eit av dei banda som har vore med på å gjere Trandalblues til ein musikalsk oase.
Ray var ein av hovudartistane på Trandal i 2011.
Vi forstod raskt at dette bandet måtte vi ha att, og i år fekk vi det endeleg til.

Det fins snart ikkje ein festival i Europa der dei  ikkje har spela. Dei har spelt for Dronninga av England, dei har spelt saman med Robbie Williams og dei har hausta lovord frå dei fremste i musikkverda. Første gongen dei var i Norge var på Trandal, og neste gongen dei kjem til Norge vert til Trandalblues, 2020! Velkomne, Giants!

Bandet er: Ray Gelato - Vocals and Tenor Sax, Danny Marsden – Trumpet, Andy Rogers - Trombone, Olly Wilby - Tenor og Altsax, Gunther Kurmayr- Piano, Manuel Alvarez- Double Bass og Ed Richardson – Trommer.

 
Kyla Red Dress2 by Baz Groom.jpg

I fjor hadde vi besøk på Trandalblues av vinnarane av andreplassen i European Blues Challenge. I år kjem den store stjerna på den Europeiske blueshimmelen! Kyla Brox og hennar band vann nemlig European Blues Challenge på Azorene 2019. Der overtydde ho alle, og dommarane var ikkje i tvil; Kyla Brox er den beste nye bluesartisten i Europa no.

Kyla Brox, fødd i 1980, vert omtala i England som «the finest female blues singer of her generation”. Ho debuterte allereie som tolvåring, og ho har turnert verda rundt medan media renn over av superlativ:

"Her breathing control is superb but, more than this… Kyla's vocal is natural and very clean… [with] a depth of feeling…" - Blues Matters

"An authentic soul diva… sensitive, sexy, and with infinite reserves of sassiness" - City Life

"A classic sound pulled off with finesse… classy, impressive…" - Oldham Chronicle

"Great voice, great presence, great songs, great band…" - Leicester Mercury

Vi treng ikkje å seie meir enn at vi er audmjuke og stolte av å få nok ein verdsartist til Trandalblues 2020!

Bandet består av Kyla Brox, vokal/fløyte, Paul Farr, gitar, Danny Blomeley, bass guitar og Mark Warburton, trommer.

 
Presse-Bjørn-Berge-Electric-Band-1_Fotor

Den fenomenale Bjørn Berge kjem endeleg til Trandalblues, og det med Bjørn Berge Electric Band. Med nytt band har vi dermed sikra ei forrykande opptreden frå ein av landets aller beste gitaristar. Mange har sett og høyrt han som soloartist og som medmusikar i Vamp. Men no er han her med eige band. Bjørn Berge har for lenge sidan etablert seg som ein publikumsfavoritt der han har  imponert alle med  tordnande gitarspel.  No er han her, ein ny og kraftigare Bjørn Berge. Bandformatet gir låtane hans trøkk og ein garanti for ei ugløymande konsertoppleving! Velkomen til Trandalblues 2020, Bjørn Berge!

 
73474988_3257430990965634_18849274181126

Paulo Mendonca til Trandalblues 2020! Han er frå Sverige, men har røtene sine i Portugal. Han har selt hundretusenvis av plater over heile verda og han har turnert med artistar som Tina Turner! Slå den!

Paulo starta si musikalske karriere i tenåra som trommeslagar, men det tok ikkje lang tid før han forsto at det var gitarspelar han skulle bli. Dette leidde den unge Paulo til å forlate trommesettet for alltid! Gitaren tok mykje tid og engasjement, men når mikrofonen på eit tidspunkt vart tilgjengeleg så tenkte han, "eg prøver". Då synte det seg at guten kunne synge! Herleg funk, med røter i blues. Guten hadde talent, noko han har synt til fulle gjennom mange år med spelejobbar på dei største festivalane i Europa. Resultatet har blitt at Paulo Mendonca med rette kan kalle seg Kongen av funk! Han er ein forrykande gitarist, og kjem heilt sikkert til å få publikum på Trandalblues 2020 i kok!

 
Baarelaget.jpg

Kva i all verda har dei å gjere på ein bluesfestival, kan ein spørje seg? Forklaringa er grei; Baarelaget har i 2020 40 års jubileum. Dei er sjølve opphavet til at vi har Trandalblues. Dei har spelt blues på kvar ein einaste av dei meir enn 2000 spelejobbane dei har gjennomført. Og ein av medlemane er Totto Nilsen, kanskje ein av norges beste bluesmunnspelarar (Vell, vi diskuterer). Dei som ikkje kjenner Baarelaget skal iallefall få eit lite «hint» på Trandalblues.  Velkomne, slå ut håret, la det stå til! Baarelaget kjem til Trandalblues for første gong sidan 2007! (Og for dei som ikkje kjenner til dette bandet kan vi gjerne tilrå å gå inn på www.baarelaget.no)

 
wonder1.jpg

Norsk Soul&Blues? Klart det! The Norwegian Soulband er klassisk Soul og Rhythm and Blues slik denne vart spela  på 1960-tallet. Kva vert vel betre? Bandet går naturlegvis ikkje av vegen for innslag av meir tidsaktuell funk. Bra musikk er det, uansett. The Norwegian Soulband er Telemark sitt mest populære soul-band, utan at det gjer noko mellom fjella på Trandal. Dei er er stadig oftare å sjå på jazz- og bluesfestivaler over heile Norge, men aldri kjem dei til å oppleve noko så bra som Trandal sitt publikum! 

Med Kim Rune Hagen frå Notodden som hovedvokalist, blir det flott å få besøk av denne gode gjengen på Trandalblues 2020. Saksofonist Tron Taalesen leiar blåserekka på kompetent vis, gitarist Tommy Larsen passer på å halde musikken solid forankra i den svarte bluestradisjonen. The Norwegian Soulband garanterer for soul- og funk-fest på Trandalblues 2020, saman med svære låtar frå låtkatalogen til artistar som Wilson Pickett, Eddie Floyd, Stevie Wonder, m. fl.

I bandet finn vi Kim Rune Hage, vokal. Rune Kristiansen, gitar/vokal, Nils Martin Brandvik, bass, Per Chr Pedersen, trommer,Per Christian Stiansen, keyboard/kor, Tron Taalesen, saxofon/kor, Vidar Torbjørnson, trompet/kor,Tommy Larsen, gitar

 
Kristiania_Live-28.jpg

Vi fekk auge på henne på Sandane i 2019, og nok eingong var det vår ven Hans som leidde oss inn «på den rette veg». TORA er eit fyrverkeri av et band med den 25 år gamle gitarist og vokalist Tora Dahle Aagård i spissen. Her finn vi ein artist med unik energi og musikalitet. Bandet har heile tida hausta knall gode meldingar for showa sine. Bluesen treng unge folk, og unge folk treng blues. Vi er særs nøgde med at Tora vil kome til Trandal i 2020.

Tora  er ei dame i vinden: I 2018 skrev ho historie då ho som første kvinnelige gitarist fikk ein sponsoravtale med den britiske gitarprodusenten Chapman Guitars. I februar og mars 2019 vart ho invitert av Trygve Skaug som gjestegitarist under Norgesturneen hans, etter at han hadde oppdaga hennar unike talent via Instagram.

Tora har i 2019 spela saman med både Frode Alnæs, Paul Gilbert og Jennifer Batten (Michael Jackson sin gitarist), i  tillegg til ei rekke med festivalopptredenar. Vi satsar mykje på at ho eller publikum ikkje vil gløyme Trandalblues 2020! For då kjem Tora!

 
73458766_2861472293862951_67059724420173

Anita og Blues n’ Groove Company kjem frå Høyanger på sjølvaste vestlandet. På Fjordblues, Sandane, vart vi  overtydde. Dette er ny og gammal blues- og groovemusikk slik den er meint å bli spelt, med Anita og barytonsaxofonen i front. Rått, med kjensle og utan juggel.

Dette er ein hyllest til dei tøffaste bluesdamene! Flotte songar med mykje trøkk. Sjangrane dei hentar repertoaret sitt frå gir utruleg mykje når alt klaffar, og dette skaper den rette godkjensla. Vi veit det, fordi vi var der! Og no kjem dei til Trandalblues, i løda begge dagane. Kjenner vi dei rett vil vi nok få høyre dei frå hovudscena også!  

Bandet er Tore Kvalvik – gitar, Peter Sæverud – bass, Mikael Chauvet Jørgensen – trommer og Anita Nordheim – vokal og saksofon.