top of page
Lachy Doley Group5.jpg
Lachy

Lachy Doley er frå Australia og ein av dei mest berømte Blues, Soul og Rocke-organistane i verda i dag. Han er ein som kan skape dei mest utrulege lydane frå et tastatur: intens, sterkt, kjenslevart og nokre gongar utanfor all fornuft.
Saman med trommeslagar Jackie Barnes og bassist Joel Burton, er The Lachy Doley Group ei supergruppe som ingen andre. At desse no gjer sin Norgesdebut på Trandal er vi utruleg stolte av! Dei har videoar på nettet med millionar av visningar. Blueslåten «Stop listening to the blues» har åleine 3,6 millionar visningar!

 Lachy Doley Group har spelt på over 200 show og festivalar i verda sidan 2011.
I år kjem dei til Norge for første gong – til Trandalblues.
Dette må opplevast live! Og det gjer du på Trandal 6. juli!

“If music storms existed on this planet, it might as well be Lachy Doley’s vocals and fiery instrumental performances you hear pulsating from cloud to cloud amidst flashes of lighting and claps of thunder” 

 

HEIDI LEIGH AXTON – Rhythms Magazine

BB-4.jpg
Blues Beatles

Til festivalen i år har vi sikra oss eit spektakulært og originalt band, eit band som har alle mulige sjansar til å bli dei store publikumsfavorittane! Og dei tek turen heilt frå Brasil til bakkane i Trandal.  Vi snakkar om ingen ringare enn The Blues Beatles! Dei starta i eit anna band i 2012, men songaren Marcos Viana ville alltid berre plukke opp ein akustisk gitar for å spele Beatles-songar! Dei andre medlemmene av bandet var forbløffa over kor naturlig songene høyrdest ut når dei – som eit tidlegare bluesband – byrja med å legge «bluesfeel» til Beatles.

 Den første versjonen av Beatles-songane som fanga folk si merksemd, var A Hard Day's Night. Videoen har meir enn to millioner visningar på Facebook. Bandet omarbeidd mange ulike Beatleslåtar sidan den, og på Trandal får vi nok høyre det meste av det beste!  Arrangementa kombinerer blues og soul grooves som passer til vokalen, samstundes som dei legg inn ei anna musikalsk kjensle.
Feite gitarsoloar og improvisasjon, som er typiske element av blues, er også ein integrert del av Blues Beatles-stilen. Intense liveopptredenar syner eit knall band som swingar heilt opp til Trandalhatten!  I tillegg til songaren Marcos, består bandet av Flavio Naves, Bruno Falcão og Fred Barley. Velkomne gutar!

Rick Estrin
Rick Estrin Pressebilde_lo.jpg

Rick Estrin & Nightcats er eit amerikansk  bluesband som vart danna i 2008. Bandet består av munnspelar/vokalist og låtskrivar Rick Estrin, bassist Lorenzo Farrell og to nordmenn: gitarist Kid Andersen og trommeslager Alexander Pettersen. Blues Revue Magazine sa, "The Cats er eit av dei mest allsidige banda i moderne blues." I magasinet Living Blues stod det at "Estrins harpearbeid er mesterlig" og deira musikk er "intelligent utført og enormt underholdende".

 Sidan starten har bandet spelt rundt om i verda, inkludert Notodden Blues Festival i Norge, Lucerne Blues Festival i Sveits, Caxias de Soul Festival i Brasil, Monaghan Blues Festival i Irland, Efes Pilsen Festival i Tyrkia, og Moulon Blues Festival i Nederland. I USA har de spelt på Nordatlantiske Blues Festival, Magic City Blues Festival og Bayfront Blues Festival. Estrin var også med på sjølvaste Chicago Blues Festival i 2011 som ein del av Alligator Records sin 40-års jubileumskonsert. No kjem dei til Trandal, og plasserer seg godt i rekka av verdsstjerner som har vitja Trandalblues på denne fantastiske staden i Hjørundfjorden. Vi gler oss storleg!

Roffe
roffe_3.jpg
Så har det endeleg lukkast oss å få ein av dei store legendene innan Nordisk blues, Rolf Wikström til Trandal!  Han har lenge vore ein av dei leiande i bluesverda i Sverige. Med måten han handterar elgitaren på, si kraftige røyst, eigne tekstar og låtar, kan han jamførast med dei store innan blues-sjangereren. Han har gitt ut 13 låtsamlingar, han har spelt over 2000 konserter, han har gjesta mange andre artistar sine innspelingar og han har vore på turne saman med m.a. Albert Collins, Charles Brown og Roy Brown.
Wikstrøm sine tekstar og sit kjensleladde gitarspel er noko som den som har opplevd det ikkje gløymer.
Reidar
reidar3.jpg
I fjor gjekk ikkje flyet når det skulle og han kom ikkje.
I år kan vi garantere at han dukkar opp!
Reidar Larsen (NO) høyrer til mellom dei fremste artistane i landet.
Han byr på forrykande musikkopplevingar og er ein unik artistar og ein absolutt favoritt blant publikum.
Vi gler oss til ei stor oppleving på ei unik scene.
Han har tidlegare gjesta Trandalblues, i år er han her igjen. Litt eldre men framleis med magi i fingrane og i røysta.
GB
GB-3.jpg

GB Blues Express er eit hardtarbeidande bluesband frå Nord-Norge, med blueslegenda Geir «Milkman» Bertheussen fra Senja i front.

Tilnavnet fekk han etter å ha drukke opp all melk på eit hotell i Chicago for nokre år sidan. Etter denne turen som gjekk frå Chicago til New Orleans, bestemte Bertheussen seg for å fare attende året etter for å spele inn ei plate i bluesen si eiga krybbe, Clarksdale i Mississippi. Dette vart «Live at the shack up inn – Mississippi» som hausta strålande kritikkar.

Før denne plata, har Bertheussen heile 4 andre utgivelsar bak seg. Geir Bertheussen Live fra 1995, Live At Shit Happens MC, Grounded og Hits You Like A Train. Bandet er no ute med si nyaste låtsamling «Southside» som har fått strålande kritikkar. Plata er gitt ut på både CD, vinyl og digitale plattformer, og har fått mykje radiotid og merksemd både i Norge, Europa og USA.

Bandet skal i 2019 representere Norge i den prestisjetunge bandkonkurransen «European Blues Challenge» (EBC). Det er Norsk Blues Union (NBU) som etter avstemming frå Norske bluesklubber som er med i NBU, har plukka ut kven som skal representere Norge i EBC.

Utanom Geir sjølv, består Bluesexpressen av Kai «Sugar K» Fjellberg på gitar og vokal, Trond «Boogieman» Hansen på bass, og Kåre «Lefty» Amundsen på trommer. 

Sykkylven
Hilde_Louise_2018-161_Photo_Anna-Julia_G
Syykylven storband.jpg

Sykkylven storband er et av dei eldste storbanda i Møre og Romsdal. Bandet vart stifta i 1976. Dei har samarbeidd med mange artister og musikarar som Fredrik Steen, Frank Brodahl, Børre Dalhaug, og Frode Alnæs. Dei er også sannsynelegvis eit av dei beste storbanda i fylket. I alle fall var dei det på Trandalblues i 2016 då dei overbeviste oss saman med Adam Douglas. I år kjem dei att, denne gongen saman med sjølvaste Hilde Louise Asbjørnsen. Dette gler vi oss storleg til. Hilde er kjend som ein glimrande artist som speler på mange strenger. Og at ho har soul og blues i seg, det veit vi frå mange tidlegare opptredenar av denne glimrande artisten. Det gjer heller ikkje noko at også ho kjem frå Sykkylven! Det er uråd her å presentere alt Hilde Louise har vore med på i ei lang karriere, men at ho vil prøve å rive ned fjella i Hjørundfjorden det er vi nokså sikre på! Dei skal først ut på Fredagen. Vi gler oss!

Jelly Roll Men
jelly-roll-man.jpg

Vi har gleda av å gjere kjent at The Jelly Roll Men er klare for Trandalblues 2019. The Jelly Roll Men er eit band som held seg til kompromisslaus "old school"- Chicago-blues. Bandet, som har markert seg på begge sider av Atlanterhavet med debutalbumet "Jelly Roll Shuffle", har på kort tid etablert seg som ein publikumsfavoritt på bluesscena i Norge. Bandet fekk terningkast 6 i Blues News for  albumet sitt. Her kan vi vente oss ei nøye utvald settliste med gamle klassikarar og eige materiale, skreddarsydd både for løa og hovudscena på Trandal! Kent Erik Thorvaldsen - vokal og munnspill, Kai Evenstuen - trommer, Thomas Grim Thorvaldsen - gitar og vokal, Ole Martin Røsten - ståbass, Øyvind Stølefjell - piano og vokal, utgjer besetninga. Alle er kjekke karar som heilt sikkert vil skape akkurat den stemninga vi skal ha på Norges vakraste bluesfestival .

bottom of page